fredag 31. august 2012

Eg gøymer meg
























Eg gøymer meg.
Eg gøymer meg langt inni deg, godt inni hjarterota di.
Nei, vent litt. Eg gøymer meg i levera di, eller kanskje i nyrene.

I  blaute og mjuke innvoller ligg eg og duvar.
Eg kruller meg samans og søv i blindtarmen din, den som alle påstår at du ikkje treng.
Eg lukker augene og synk inn i nervesystemet ditt, og eg kjenner det kvar gong du
klemmer fingrane i døra, eller har ein dårleg dag.

Eg gøymer meg i deg, eg gøymer meg i det som pumpar og pulserar. 
Tunge slag som treff meg i mellomgolvet. 

Kanskje kjem eg fram ein dag, kanskje ikkje. 
Kanskje eg døyr inni deg, og lagar ein mørk flekk 
som du må gå til ein psykolog for å få bukt med.

I mellomtida ligg eg her, i det mjuke mørkeret som er deg. 


onsdag 22. august 2012

Hit, men ikkje lengre

"Hit, men ikkje lengre" er eit hefte på 16 sider, og det har eit omslag i kalkerpapir med tittelen på.  Det består i hovudsak av teikning, men og litt tekst og foto. Eg lagde det rett og slett for å samle nokre lause tråder eg hadde liggande, og vise fram arbeidet mitt til fleire. Har du ikkje ei utstilling på trappene? Lag ei fanzine eller bind arbeidet i ei bok! Det er trist når mykje godt arbeid blir liggande i mapper i påvente av ein vegg å henge på, eller du kan fylle heftet med skisser og meir uhøgtideleg arbeid. Du kan dele ut heftet til vener, men lager du eit større antal kan du selje dei og.



onsdag 15. august 2012

Japansk binding

Her er to notatbøker eg har laga med enkel japansk binding; ein teknikk som både er dekorativ og som gjev eit sterkt resultat. Den gjer også at ein kan binde enkeltark, noko som kan kome godt med hvis du skal binde teikningar du allereie har laga, inspirasjon, utklipp eller konvoluttar. Ein må berre ta med i beregninga at det forsvinn litt av venstremargen. Ein har uendelege moglegheiter når det kjem til trådfarger, bokbindartape og omslagsfarger, i tillegg til at det finst fleir mønster å binde tråden på.  

mandag 13. august 2012

Pubertet II


Her er enda eit par av teikningane i Pubertet. Alle arbeida i fanzina er enten i blyant eller i blyant med akvarell, og i tillegg til fotoet på framsida er det og eit foto inni heftet. Å lage fanziner med eigne arbeid gjer at eg kan jobbe meir heilhetleg med teikning, tekst og bilete, og det er ein fin måte å vise fram arbeidet sitt på. Hefta har eg delt ut til vener som og driv med noko kreativt, og dei fleste av dei jobbar med foto. Det er som oftast dei som kjem med gode idéar og set mest pris på teikningane mine, akkurat som om ein ser arbeid i eit nytt medium med heilt reine auge. 

fredag 10. august 2012

Pubertet

Dette er ei fanzine eg har laga med eigne teikningar. Tittelen er Pubertet, og motiva er henta frå min eigen oppvekst. På coveret er det eit polaroidbilete av den lokale kinoen der eg vaks opp; ein kino som blei brukt meir som oppholdsstad enn ein arena for kulturopplevingar. No har kinoen flytta inn i nytt kulturhus, og eg vonar filmutvalget har fått ei oppgradering óg. Størrelsen på heftet er A5, og den kjem i ei lomme av grå kartong. Opplaget er på fem stykker som eg har delt ut til vener. 

mandag 6. august 2012

Ny skissebok for salg

Dette er ei skissebok eg har laga for salg. Den er i A5-størrelse og har 40 sider i både teiknepapir, farga papir og ruteark. Den har hardt omslag med japansk papir i svart/kvitt, og endepapir i brun, tynn kartong. Ei robust skissebok som passar perfekt i veska, og som egner seg både til tekst og teikning. 

søndag 5. august 2012

Ny, håndsydd teiknebok

Dette er den teikneboka eg jobbar i no; ei robust bok med hardt omslag og seks sydde signaturar. Den har eit enkelt grått pappomslag, med eit fargerikt endepapir. For litt over eit år sidan bestemte eg meg for at eg skal binde alle skissebøkene mine sjølv. Ikkje berre er det god bokbindertrening, bøkene betyr enda meir for meg, og eg byrjar ikkje å rive ut sider eller starte på ei ny bok før den eg har er full. I hovudsak består bøkene av ulikt teiknepapir, men eg har innslag av farga papir, kalkerpapir og skissepapir. Dette både utfordrar meg i forhold til kva eg kan bruke dei forskjellige arka til, og det gjev kontrastar til arbeida mine.