torsdag 18. desember 2014

Dagens skisser og Serial

Denne veka har eg vore vikar på folkehøgskulen, og all teiknetid forøvrig har blitt brukt på albumet mitt. Eg byrja å forandre på ein liten bit, og plutseleg blei det fleire, store forandringar som følge av det. Hjelp! Men eg trur det gjer starten på historia mykje tydeligare og rett og slett bedre. Så det er bra! Seinare i dag skal eg ein tur på sjukehuset, for eg har første kontrolltime etter at eg blei friskmeldt. Kryss fingre for at det går bra! Døyver nervene no med skisseboka og musikk på øyret, og gler meg til i kveld når eg skal høyre siste (!!!) episode av Serial! Eg er forøvrig 95% sikkert på Adnan Syed er uskyldig. Eg veddar buksene mine på at "the innocence project" tar saka, endevender ho, og finn bevis på at det er ein annan mordar enn Adnan. The innocence project har bidratt til løslatelse av uskyldig dømde i eldre sakar enn dette, så eg har trua. Men nok om Serial. (Blir det nokon gong nok om Serial? Tja.)






















fredag 12. desember 2014

"Kvinnor ritar bara serier om mens"

I september nevnte eg den svenske teikneserieantologien "Kvinnor ritar bara serier om mens", og no har eg endeleg fått kjøpt den. Sara Olausson er redaktør, og over 30 svenske kvinnelege serieteiknerar har bidratt. Boka er ein kommentar til den stereotypien ein gjerne møter som kvinneleg serieskapar; at ein berre teiknar serier om mensen. Men Olausson meiner faktisk at ein bør snakke enda meir om mens, og at det bør bli enda vanligare å skildre mensen i alle slags formar sidan dette er så stor del av kvinners liv. No har eg lese boka, og eg må innrømme at eg blei litt skuffa.

Dei bidraga som kjem best ut i mi meining er dei som berre lar mensen være eit bakteppe for den historia som blir fortalt, slik som i bidraget til Klara Wiksten (ho er kjempedyktig! Alle bør lese boka hennar "Dagarna") eller dei som fortel ei historie utan å skulle ha ei lang tirade om PMS. Mange av bidragsyterane tek for seg ei oppramsing av mensenfakta, og for meg blir dette kjedeleg etter eit par ganske like historier. Kva er eigentleg PMS? Kva er ein menskopp? Kva skjer på dei ulike dagane i syklusen? Eg synes rett og slett ikkje mensen som tema er så spanande, og eg føler heller ikkje at det handlar om kvinneundertrykking at mensen ikkje står på dagsorden heile tida. Det kunne med hell vore fleire fengande historier, og litt midre fakta og kamprop om at "alle må snakke om mensen!" For må me det? 

Eg synes utgangspunktet for antologien var spanande, men det hadde vore kjekt å sjå ei slik samling utforske eit breiare tema. Sidan mange av bidraga var relativt like seier det kanskje noko om at tematikken ikkje er fyldig nok til å fylle over 150 sider? Eller har bidragsyterane ikkje heilt sett potensialet i tematikken? 



onsdag 10. desember 2014

Oppdatering!

Her kjem eit par mobilknips og teikningar frå dei siste dagane. På bildet øverst til venstre ser du bidraget mitt i det nyaste nummeret av Forresten. Veldig fornøgd med korleis teikningane mine ser ut på trykk, og historia blir lagt ut på nettstaden min etterkvart. På bildet til høgre ser du notatar og skisser til teikneseriealbumet mitt, og det øverste dokumentet er manuset. Det har vore gjennom nokre endringar for å seie det slik. 


Dei to nederste teikningane er til albumet mitt, og det er liksom det eg gjer på for tida. Teiknar, teiknar, teiknar på teikneserien min. Byrjar å kjenne tidspresset sidan eg vil ha den ferdig til OCX, og eg er litt overvelda nett no over alt eg har att og alt eg vil forandre på. Veldig typisk å ha slike kjensler midt i eit stort prosjekt, så det er berre å jobbe vidare til eg er ute av myra. Har satt opp ei punktliste over det eg vil ha gjort fram til jul, og berre det gjorde at eg senka skuldrane litt. 

Må legge til at eg kosar meg stort med arbeidet mitt og teikneseriar er berre så utruleg kjekt å jobbe med! Skal aldri gjere noko anna i heile mitt liv. Eller, det var kanskje litt voldsomt, men eg skal iallfall lage teikneseriar resten av livet i tillegg til mykje anna. Tenk; mange teikningar på rekke og rad som fortel ei historie. Kan det bli bedre? Niks.



torsdag 4. desember 2014

Forresten 28 ute no!

Nytt nummer av den årlige teikneserieantologien Forresten er ute no, så løp og kjøp! Det er bidrag frå meg, Jens K Styve, Martin Ernstsen, Lars Aurtande, Anders Kvammen, Frøydis Sollid Simonsen, Anders Nilsen, Trond Ivar Hansen, Erlend Peder Kvam, Tim, Kristian Hammerstad, Sharmila Banerjee, Andreas Iversen, Bendik Kaltenborn, Berliac, Andrew Page, Andreas Iversen, Rui Tenreiro, Alvaro Nofuentes, Ronny Haugeland, Xueting Yang, Kristoffer Kjølberg og Øystein Runde.

Mange fine navn på lista og eg gler meg vilt til å lese. Er og spent på å sjå mitt eige bidrag på trykk; historia "Richard" som baserer seg på ei sann hending frå 2005.  Det er lanseringsfest på laurdag, og då slippes og Martin Ernstsens "Du snakker med feil person". Eg har lese eit par av fanzinene som den baserer seg på, så denne kan eg anbefale varmt. Her er det som står skrevet på Jippi si heimeside om utgivelsen:  "Siden 2008 har Martin Ernstsen dokumentert livet i form av tegneserier. I seriene reflekterer han både over den kreative prosessen bak tegneseriemakeriet samt viktige og mindre viktige hendelser i privatlivet. Martin Ernstsens selvbiografiske serier har så langt blitt publisert i selvutgitte fanziner med små opplag. Nå kommer endelig en stor samling med høydepunkter fra fanzinene i tillegg til materiale som ikke tidligere er utgitt. Seriene gir humoristiske skråblikk på små øyeblikk i hverdagen, ofte rare eller kleine episoder, med komisk misere."


Eg har desverre ikkje anledning til å gå på lanseringsfesten sjølv, så eg må få bøkene i postkassa. Men alle dykk som kan; gå dit på laurdag


torsdag 27. november 2014

Dagens skisser

Her er nokre skisser frå i dag. Etterkvart skal eg kome med bilder og omtale av Bergen Art Book Fair og, for eg kosa meg maks i Bergen! Ikkje berre kjøpte eg mange nydelege fanziner, men eg møtte fine vener, åt god mat, drakk prosecco på ein Hip-hop bar (!) og blei inspirert av det fine atelieret til Klara Sofie. Seinare i dag skal eg ta turen inn til Oslo for å treffe vener og gå på lanseringsfest for fire nye utgivelsar på Jippi. Be there or be square! 






































tirsdag 25. november 2014

Intervju med Klara Sofie Ludvigsen


Her kjem eit nytt intervju, og denne gongen er det med fotograf Klara Sofie Ludvigsen. Eg skriv jo mest om teikning, men eg har alltid likt den taktile måten Klara jobbar med fotografiet på. Og ein kreativ prosess er ein kreativ prosess uansett medium. Eg har kjent Klara i ti år no, og då eg svippa innom Bergen i helga besøkte eg ho i atelieret. Det var så mykje spanande der; testbilder, skissebøker, ferdige arbeid og inspirasjonskjelder. Eg tok fleire mobilknips som du kan sjå spredt nedover intervjuet. Alle andre fotografi er Klara Sofies eigna frå diverse prosjekt, og nederst på sida ligg ein nydeleg musikkvideo ho har fotografert for bandet Divisjonen. Sjå og nyt! 

Når blei du for alvor opptatt av fotografering?
Det har vore ei interesse så lenge eg kan hugse, men alvor vart det kanskje fyrst då eg byrja å studere det. Fotografi har jo alltid vore ein kostbar aktivitet, så moglegheita til utforsking var veldig avgrensa fram til dette. Dette er vel svært annleis for dei som veks opp no. Eg hugsar eg stal fotoapparatet til foreldra mine og sneik meg til å ta bilde, det fekk eg elles ikkje lov til fordi det var så dyrt å framkalle filmen. Med den digitale teknologien er det ingen grenser for kor mange bilete både vaksne og ungar kan ta. Med det er vel fordelar og bakdelar med det som med alt anna. 


Fortel litt om fotoutdanninga di og kva du har fått med deg derfrå?
Eg studerte Photography and Media Art ved Kent Institute of Art and Design i England. Dette var ei ganske konseptuell fotoutdanning, kor det vart lagt mykje ansvar på studentane sjølv. Medan eg studerte der kjende eg meg svolten på meir teknisk undervisning, sjølv om eg sette stor pris på den toretiske delen. Eg har alltid vore glad i handverket ved fotografi. Så tok eg eit semester ved Universitat Politècnica de Catalunya i Barcelona, og der var det heilt motsett. Det var enormt teknisk og med den tidas beste fasilitetar, men studentane vart lite utfordra konseptuelt. Hadde eg forstått katalansk ville jo dette vore perfekt! Men det gjorde iallefall at eg kom attende til England med mindre frustrasjon for den (etter mi meining) litt fattige tekniske undervisninga og større takksemd for dei teoretiske utfordringane. Ellers så må det jo nemnast at dette var tidleg på 2000-talet og heilt i gryinga av den digitale revolusjonen. For oss var det framleis det analoge som gjaldt og hovudarbeidet fann stad i mørkerommet. Dette er eg så glad for, og eg arbeider framleis så analogt som mogleg.

Kvar hentar du inspirasjon? Kom gjerne med konkrete kjelder!
Dette syns eg det er vanskeleg å svare på, men det er utan tvil fruktbart for meg å reise. Eg trur eg ofte får inspirasjon når eg reiser fordi det er ein samanheng mellom å bryte fysisk bevegelsesmønster og tankemønster. Ofte kjennes det som om tankane letnar idet flyet letnar. Ein får verda litt på avstand og mogleheit til å sjå ting i eit anna perspektiv. Generelt produserer eg mest materiale om sommaren som eg bearbeider resten av året. Eg likar å arbeide når eg egentlig ikkje skal arbeide. 

Korleis startar du eit nytt fotoprosjekt?  Og korleis skisser ein som fotograf? 
Slik eg arbeider no oppstår gjerne nye prosjekt i bearbeiding av allerede produsert materiale. Eller ved funn av objekt eg ynskjer å arbeide med i kombinasjon med fotografi. Skisseboka er eit viktig verktøy for meg. Eg limer inn bildete og skisserer både i form av tekst og teikning. Og gjerne modellbygging i forbinding med utstilling. 



Jobbar du mest analogt eller digitalt? Og kva slags utstyr brukar du?
Eg har gjort eit prosjekt digitalt, Saturated Grey. Det fungerte ganske bra, men eg trur det var fordi det var eit så tydeleg rammeverk eg arbeidde innafor. Men ellers likar eg å jobbe så fysisk som mogleg. Eg trivest med å ta i ting, sjå det bli til, henge det opp på veggen, sjå på det og arbeide vidare derifrå. Og at det kostar noko å trykke på knappen, at eg må ta eit val, og  at det vert noko anna enn ei fil i ein folder på ein harddisk. Å sitte foran ein skjerm har eg aldri vore spesielt begeistra for. Men det kjem eg sjølvsagt ikkje vekk frå, då det meste må digitaliserast på eine eller andre måten. Men eg har eit veldig bevisst forhold til dette, og tenker at det er viktig å finne arbeidsmetoder ein trivst med for at ting skal fungrer over lang til. Livstid, for eksempel. 

Jobbar du med fleire prosjekt parallelt, eller avsluttar du eit prosjekt før du byrjar på eit nytt?
Eg har nokre prosjekt som går over veldig lang tid, og så har eg mindre som ligg over. (som på ei tidslinje) Eg prøver å fokusere på eit om gongen når det gjeld dei mindre arbeida, men dei overlappar gjerne kvarandre litt likevel. I det siste har eg byrja arbeide meir verk-basert og mindre med heile prosjekt. Det trivest eg ganske godt med. 

Du har i perioder dreve med maling og, korleis er forskjellen mellom maleri og fotografi for deg? Og maler du framleis? 
For meg er det to svært ulike prosessar. Fotografi handlar mykje om valg, men maleri enda meir! Eg kan sakne dei improvisatoriske moglegheitane i maleri når eg arbeider med fotografi. Men det tar ikkje lang tid før eg lengtar etter fotografiet når eg malar. Det er noko med det å måtte ta stilling til kvart enkelt penselstrøk, det er eit nesten uutholdelig press. Men eg ser det som bra og billig terapi for min prestasjonsangst! Eller valg-angst.
Det var ein periode eg arbeidde med fotografi gjennom alle andre medium enn fotografi. Maleri, video, installasjon og scenekunst. Eg hadde, og har vel enda, eit problematisk forhold til fotografiet som form. Men så bestemte eg meg for å vende tilbake, og etter det har eg ikkje malt så mykje. Eg får av og til lyst, men nett no trur eg trykk står først i køen om eg skal røre meg utafor mørkerommet. 

Du har atelierplass, korleis er det å jobbe frå eit atelierfelleskap i forhold til frå heime?
For meg var det fantastisk å få atelier. Det vart så mykje enklare å skilje mellom arbeid og fritid, både i tid og i tankar. Då eg arbeidde heime fekk prokastineringa veldig stort spelerom, du veit det er alltid ein oppvask som kan tas eller ein papirhaug som kan sorterast. No går eg til atelieret, og når eg kjem heim har eg fritid med god samvit. Det hender sjølvsagt at eg arbeider heime, og som variasjon til atelieret kan det vere ganske deilig. Det har hatt mykje å sei for yrkeskjensla mi å ha ein arbeidsplass. Ikkje minst fordi eg møter kollegaer kvar dag. Å vere del av eit miljø er verdifullt for meg.
 


Du stiller ut ein del. Korleis er prosessen frå skissebok til ferdige foto på ein gallerivegg? Det varierer veldig frå prosjekt til prosjekt. Eg kan få ein ide, utarbeide eit konsept og produsere arbeidet, eller eg kan arbeide meir prosessbasert. Produsere materiale utan eit klart mål, bearbeide materialet, sjå kor det tar meg og teoretisere derifrå (dersom eg ønsker å teoretisere i det heile), og deretter fullføre arbeidet. No er det mest den siste metoden eg nyttar. Eg trivst med å gi intuisjon og improvisasjon så stort rom som mogleg, det er då arbeidet er mest spennande (og mest utfordrande).

onsdag 19. november 2014

Bergen

I morgon reiser eg til Bergen. Der skal eg besøke Bergen Art Book Fair, henge med vener og kose meg! Eg kjem sikkert til å kjøpe eit lass med fanziner, og eg gler meg til å bli inspirert og få litt nye impulsar. I fjor fekk eg ei venninne til å handle for meg, men i år skal eg altså slå meg laus med lommeboka sjølv. Stay tuned! Teikninga under er forresten enda ein smakebit frå albumet mitt. Eg sitt for det meste inne og teiknar no, så det blir bra med ein tur ut i verden. Komme seg ut av kosebuksa! Neida, joda, neida. 

mandag 17. november 2014

Serial

På torsdagar i tolvtida kjem det nye episodar av Serial, og då sitt eg alltid klistra til laptopen (Det i seg sjølv er kanskje ikkje så unikt. Å teikne mens eg høyrer på podcastar er liksom det eg gjer på). Her er resultatet av 45 minutt med Serial på øyret, i selskap med ein 4B-blyant og skisseboka. Åh, eg elskar Serial. Alle som likar god historieforteljing bør høyre på. Banna bein!





tirsdag 11. november 2014

Stockholm!

I vår var eg fem dagar i Bologna. Først og fremst for å besøke barnebokmessa der, men og for å teikne masse i skisseboka mi, sjå utstillingar, drikke prosecco og samla inspirasjon. No har eg fått reisestipend frå Grafill for å besøke Stockholms Internationella Seriefestival neste år, og eg tenkjer å gjere det til ein inspirasjonstur slik som Italiaturen. Eg gler meg allereie! Hvis nokon har gode Stockholmstips eller skal på festivalen er det berre å rope ut. Under ser dykk forresten ei side frå skisseboka mi som omhandlar nevnte Bolognatur. Ikkje berre berre å reise åleine alltid!



fredag 7. november 2014

Teiknesaker


Her ser du det eg brukar av teiknesaker på ein vanleg dag. Blyantar (merka med farga tape etter mjukheita), blyantkvessar, viskelær og knetgummi. Knetgummien brukar eg mest til å fjerne viskelærbøss frå arket med.
Nokre blyantar er berre bedre enn andre, og ein får liksom nokre favorittar sjølv om dei i teorien er like. På det øverste bildet til venstre ser du to slike. Den pittelille er så liten at eg ikkje kan bruke den meir, og det er trist. Den var så god! Det var ein 2B, men den var liksom litt mjukare og....bedre. Jaja. 

I tillegg til lause teikneark bruker eg skissebøker mykje. Den øverste med grått omslag 
brukar eg til laust og fast, den underste er kun til teikneserieprosjektet. Underst ser du teiknearka mine; eg bruker Scandia 200 g som teknisk sett ikkje er eit teiknepapir, men eit tjukt printerpapir. Det er heilt kvitt, glatt og utan tekstur; er det tekstur eller litt farge i papiret blir det meir å redigere vekk etter scanning. Eg får heller ikkje den streken eg vil ha når det er tekstur i arket.

No har eg byrja å skisse på omslaget til albumet mitt, og eg vil bruke ein miks av akvarell og akrylmaling. Eg har byrja med enkle utprøvingar no, eg er veldig spent på om eg får det resultatet eg vil ha. Eg veit iallfall at eg vil ha fargar og detaljar, og det er kjekt å jobbe litt med fargar att etter ei lang periode med berre blyant, blyant, blyant og meir blyant. God helg, no skal eg rydde litt på arbeidsbordet mitt...

onsdag 5. november 2014

Framgang

Eg teiknar og eg teiknar på albumet mitt. Eg trur det blir bra! Samstundes ser eg alt som er feil og alt som kunne vore bedre. I dag har eg hatt ein liten rydderunde i det eg har ferdig; eg har forandra på rekkefølgen på eit par sider, eg har bytta ut ei rute eg ikkje var heilt nøgd med og eg har scanna og finpussa litt. Eg har mykje jobbing att før eg er ferdig, og nokre dagar får eg knute i magen og tenkjer at det aldri kjem til å gå. Andre dagar ser eg kor bra eg faktisk jobbar no, og skjønnar at alt går heilt fint. Berg- og dalbane altså!

mandag 27. oktober 2014

Homeland!

Dei siste vekene har eg hatt mange forskjellige hattar. Eg har vore vikar på biblioteket, eg har vore vikar på Buskerud folkehøgskule (På teikneserielinja! Veldig kjekk jobb) og eg har vore sjukepleiar til ein liten gut (altså sonen min, ikkje ein tilfeldig sjuk gut). Eg har og vore ein liten tur til Oslo, og innimellom alt dette har eg fått teikna (men ikkje så mykje som eg hadde hatt lyst til) og sett ville mengder Homeland.


onsdag 15. oktober 2014

Gemma Topliss

Dagens lille tips er bloggen til Gemma Topliss frå Melbourne. Så mykje fint! Her er nokre av arbeida hennar, og du kan og følge ho på Instagram. Nett no held eg på å pusse opp kontorkroken min, det skal bli fint å få litt maling på veggane og ommøblere litt. Skal dele nokre bilder når alt er ferdig, kanskje det er fleire enn meg som likar å kikke på kreative arbeidsrom?



mandag 13. oktober 2014

Perfeksjonisme, søknadar og Bergenstur

Eg er ikkje perfeksjonist. Eg får sjokoladeflekkar på teikningane mine heile tida, eg viskar ut, skisser på det ferdige arket og styrar på. Heldigvis er det den stilen eg likar best, og er best på. Ein gong jobba eg som grafisk designar og det var ikkje noko for meg, for å seie det sånn. Det var så mykje pirking, reglar og små detaljar som skulle være på plass, og å måle millimeter mellom bokstavane er ikkje heilt mi greie. Eg har og prøvd meg på detaljerte og nitidige teikningar, men eg kjeda meg fort. Det var igrunn rein viljestyrke som gjorde at eg fullførte dei, og gleden ved å sjå noko naturtro vekse fram. Men om eg kosa meg? Ikkje så veldig.



Spesielt med dagbokteikningane mine er eg ganske skjødeslaus. Hvis ikkje hadde dei aldri blitt laga! Dei er jo noko eg lagar mellom alt anna, og skulle eg brukt lang tid og gjort meg så flid som mulig hadde det nok blitt laga langt ferre. Alle jobbar forskjellig, men for meg er dette den metoden som gir meg mest glede og inspirasjon.


















No er det jo søknadstider, så eg skriv som berre det og plukker ut bildematriell frå arkivet. Eg har alltid likt å skrive søknadar, då må ein endeleg tenkje over det eg jobbar med og konkretisere det i ei tekst. Eg får og gått gjennom teikningar og sett kva eg eigentleg har, det blir liksom som ein liten oppsummeringsrunde. Kryss fingre for at søknadane går gjennom, då blir det kanskje både prosjektstøtte og reisestipend! 

Eg har forresten bestilt meg togbillett til å dra på Bergen Art Book fair som går av stabelen 21.-23. november. Eg gler meg! Skal kikke på bøker og kjøpe fanziner heile helga. Og treffe fine folk og drikke øl. Kva meir kan ein ynskje seg, spør eg berre! 

torsdag 9. oktober 2014

Om då eg blei sjuk (og frisk att!) del 3!

Her er del tre om då eg blei alvorleg sjuk og frisk att. Her kan du lese forhistoria om øyret, her er del ein og her er del to. Eg trur det blir ein del til, så er eg ferdig. Gleder meg til det, for å seie det sånn. Glad for å ha teikna det, glad for snart å være ferdig! 



tirsdag 7. oktober 2014

Ein liten smakebit!

Her er ein liten smakebit frå teikneseriealbumet mitt som kjem til våren. Nokre dagar tenkjer eg at det blir bra, andre dagar får eg panikk og trur eg aldri skal bli ferdig. Som alle kreative prosessar i grunn? Eg teiknar ferdig rundt fem sider og scanner inn, så tek eg dei neste 5-6 sidene, og slik held eg på. Så slepp eg å scanne og justere 60 sider på tampen av prosjektet. Dette er jo første gongen eg jobbar med eit så stort prosjekt, så eg må berre lære medan eg jobbar på. Den lengste historia eg har laga før er jo på berre sju sider, så spranget er ganske stort! Eg har så smått byrja å tenkje på omslag og, det må jo bli knallbra. Skal eg ha blyant eller fargar? Korleis skal eg løyse typografien? Skal det være enkelt og lekkert eller skal det være mykje detaljar? Det blir spanande å sjå kva eg landar på.

tirsdag 30. september 2014

Tirsdagsinspirasjon

Her kjem det litt inspirasjon på ein tirsdag, håper noko av det fell i smak! I dag har eg sendt inn mitt bidrag til Manifest forlag, då dei leitar etter kvinnelege serieteiknerar til eit nytt bokprosjekt. Neste år gir dei ut ei bok om feminisme ført i pennen av Marta Breen og Madeleine Schultz, og i den anledning er dei ute etter teikneseriebidrag som skildrar korleis det er å være jente i dag. Eg lagde ei lita historie, og eg håper den kjem med i boka. Hvis ikkje får dykk uansett sjå den her når den tid kjem. No skal eg ta ein liten haustferie på Vestlandet resten av veka, det blir bra med fjære, fjell og TV i sofaen! 

Danske Line Lisberg. Ho lagar nydelege teikneseriar, og eg elskar den enkle men uttrykksfulle streken. Ho selg og originalarbeider i denne nettbutikken, og der var det mykje lekkert til ein overkommeleg penge. 

























Eg har jo snakka om illustratøren Lizzy Stewart fleire gonger før, og her er link til nettbutikken hennar. Ho selg både fanziner, plakatar og kort. Ikkje dumt med ein slik nettbutikk altså. Kanskje noko for meg og med tid og stunder?
















































Den nederlandske illustratør Lieke van der Vorst har laga forsida på Frankies 2015-kalender. Love it!