mandag 3. februar 2014

Søknadsskriving

Nett no jobbar eg mot ein konkret søknadsfrist for teikneserieprosjektet mitt. Det er veldig spanande, og tida går så fort! Eg vil jo ha med mest muleg (og best muleg!) arbeid i søknaden min, så no brukar eg all den tid eg kan på dette. 

Mykje tid går med til teikning, men mykje går og med til skriving og skissing. Rekkefølga på episoder blir forandra heile tida, og eg må vurdere fram og tilbake kva som skal med med, og kva som må vekk. Prosjektet skal jo naturlig nok ikkje være ferdig til søknadsfristen, men eg må gi eit godt og heilheitleg bilde av kva eg har tenkt å jobbe med. 

Eg har aldri jobba så mykje og så bra på eit prosjekt før, og ein dag eg såg over alt eg har av skisser, teikningar og tankar blei eg faktisk litt imponert over kva eg har gjort så langt. (Sjølv om eg selvfølgeleg i perioder føler at eg ikkje har kontroll i det heile tatt, og at alt er berre rot og utan samanheng.) Kryss fingre for at innspurten til søknadsfristen går som smør!


























 PS: Eg skal ikkje sende med nokre av dei rotete idéskissene mine i søknaden.... Dei gir god meining for meg, men kanskje ikkje for nokon andre! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar