mandag 31. mars 2014

Barnebokmessa i Bologna



















Frå måndag til fredag var eg på barnebokmessa i Bologna. Det var heilt fantastisk! Eg fekk støtte til å dra frå Norsk illustrasjonsfond, og det er eg berre så takknemleg for. Eg tenkte å dele litt av mi erfaring frå bokmessa med dykk. Det er basert på både det eg såg, men og det andre illustratørar har fortalt meg.

Først vil eg seie at bokmessa i hovudsak er meint for forlag som skal selge bøkene sine til andre utenlandske forlag. Så forlagsfolk snakkar med forlagsfolk, og det er mange folk i dress som snakkar økonomi med kvarandre. Det er ytterst få forlag som er på illustratørjakt på ei slik messe, så om ein har forhåpningar om å vise fram portfolioen sin til alle dei flotte forlaga kan ein fort bli skuffa. Dei aller fleste forlag jobbar og kun med illustratørar frå sitt eige land, så då er heller ikkje markanden så stor, spesielt ikkje hvis du er frå Noreg. Når det er sagt, så er det likevel eit par muligheiter. 

Nokre forlag hadde visse tidspunkt på dagen då dei ville ta i mot illustratrar og kikke på arbeidet deira. Her var det fort ut og fort inn, litt som ein audition. Dei brukte 15 sekund på å sjå om arbeidet ditt passa for eit av deira prosjekt, også var det nestemann. Men ein kan ha flaks og treffe nokon som elskar arbeidet ditt, så det er verdt eit forsøk!

Prøv å lag avtaler med forlag på forhånd. Eg trur det er den desidert beste måten å gå fram på. Eg snakka dog med ein illustratør frå Chile som var representert på bokmessa si eiga illustratørutstilling, og ho fekk først avtaler med forlag når ho fortalte at ho var plukka ut der. Men eg trur uansett at det er vegen å gå, framfor å berre møte opp uanmeldt. 

Messa arrangerer eit par foredrag og møter for illustratørar som bl.a handlar om portfoliobyging og korleis presentere arbeidet ditt for forlag, så det er det vel verdt å få med seg! Eit par av arrangementa var det dog påmelding på, og då bør ein være ute i god tid! Absolutt alt som er for illustratørar bør ein møte opp tidleg på, for det er mange om beinet!

Først og fremst er Bolognamessa ein stad å samle inspirasjon for oss illustratørar. Og om ein ikkje får snakka så mykje med forlagsfolk, så får ein iallfall snakka med andre fine illustratørar! Så lenge ein veit det på forhånd er det ein super stad å besøke. Eg såg så utruleg mykje fint! Og rart. Og grusomt! Det er mykje Disneyestetikk der og. Det aller flottaste arbeidet fant eg nok på på Hong Kong-standen. Så utruleg mykje fin illustrasjon og eg blei veldig inspirert. Det var og ein del nydeleg frå Taiwan, Spania og Sør Amerika. 

Eg brukte to dagar på messa, så hadde eg ein heil dag som turist. Innimellom dette var eg på ein lukka middag for illustratørar, drakk vin, var på utstillingsåpningar, møtte mange hyggelege folk, teikna ein god del (skal dele teikningane etterkvart!), handla sjokolade og kosa meg på hotell. Og til slutt vil eg berre tipse igjen om Bolognastipendet frå Norsk illustrasjonsfond. Teikner du, bør du søke! 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar