tirsdag 25. november 2014

Intervju med Klara Sofie Ludvigsen


Her kjem eit nytt intervju, og denne gongen er det med fotograf Klara Sofie Ludvigsen. Eg skriv jo mest om teikning, men eg har alltid likt den taktile måten Klara jobbar med fotografiet på. Og ein kreativ prosess er ein kreativ prosess uansett medium. Eg har kjent Klara i ti år no, og då eg svippa innom Bergen i helga besøkte eg ho i atelieret. Det var så mykje spanande der; testbilder, skissebøker, ferdige arbeid og inspirasjonskjelder. Eg tok fleire mobilknips som du kan sjå spredt nedover intervjuet. Alle andre fotografi er Klara Sofies eigna frå diverse prosjekt, og nederst på sida ligg ein nydeleg musikkvideo ho har fotografert for bandet Divisjonen. Sjå og nyt! 

Når blei du for alvor opptatt av fotografering?
Det har vore ei interesse så lenge eg kan hugse, men alvor vart det kanskje fyrst då eg byrja å studere det. Fotografi har jo alltid vore ein kostbar aktivitet, så moglegheita til utforsking var veldig avgrensa fram til dette. Dette er vel svært annleis for dei som veks opp no. Eg hugsar eg stal fotoapparatet til foreldra mine og sneik meg til å ta bilde, det fekk eg elles ikkje lov til fordi det var så dyrt å framkalle filmen. Med den digitale teknologien er det ingen grenser for kor mange bilete både vaksne og ungar kan ta. Med det er vel fordelar og bakdelar med det som med alt anna. 


Fortel litt om fotoutdanninga di og kva du har fått med deg derfrå?
Eg studerte Photography and Media Art ved Kent Institute of Art and Design i England. Dette var ei ganske konseptuell fotoutdanning, kor det vart lagt mykje ansvar på studentane sjølv. Medan eg studerte der kjende eg meg svolten på meir teknisk undervisning, sjølv om eg sette stor pris på den toretiske delen. Eg har alltid vore glad i handverket ved fotografi. Så tok eg eit semester ved Universitat Politècnica de Catalunya i Barcelona, og der var det heilt motsett. Det var enormt teknisk og med den tidas beste fasilitetar, men studentane vart lite utfordra konseptuelt. Hadde eg forstått katalansk ville jo dette vore perfekt! Men det gjorde iallefall at eg kom attende til England med mindre frustrasjon for den (etter mi meining) litt fattige tekniske undervisninga og større takksemd for dei teoretiske utfordringane. Ellers så må det jo nemnast at dette var tidleg på 2000-talet og heilt i gryinga av den digitale revolusjonen. For oss var det framleis det analoge som gjaldt og hovudarbeidet fann stad i mørkerommet. Dette er eg så glad for, og eg arbeider framleis så analogt som mogleg.

Kvar hentar du inspirasjon? Kom gjerne med konkrete kjelder!
Dette syns eg det er vanskeleg å svare på, men det er utan tvil fruktbart for meg å reise. Eg trur eg ofte får inspirasjon når eg reiser fordi det er ein samanheng mellom å bryte fysisk bevegelsesmønster og tankemønster. Ofte kjennes det som om tankane letnar idet flyet letnar. Ein får verda litt på avstand og mogleheit til å sjå ting i eit anna perspektiv. Generelt produserer eg mest materiale om sommaren som eg bearbeider resten av året. Eg likar å arbeide når eg egentlig ikkje skal arbeide. 

Korleis startar du eit nytt fotoprosjekt?  Og korleis skisser ein som fotograf? 
Slik eg arbeider no oppstår gjerne nye prosjekt i bearbeiding av allerede produsert materiale. Eller ved funn av objekt eg ynskjer å arbeide med i kombinasjon med fotografi. Skisseboka er eit viktig verktøy for meg. Eg limer inn bildete og skisserer både i form av tekst og teikning. Og gjerne modellbygging i forbinding med utstilling. 



Jobbar du mest analogt eller digitalt? Og kva slags utstyr brukar du?
Eg har gjort eit prosjekt digitalt, Saturated Grey. Det fungerte ganske bra, men eg trur det var fordi det var eit så tydeleg rammeverk eg arbeidde innafor. Men ellers likar eg å jobbe så fysisk som mogleg. Eg trivest med å ta i ting, sjå det bli til, henge det opp på veggen, sjå på det og arbeide vidare derifrå. Og at det kostar noko å trykke på knappen, at eg må ta eit val, og  at det vert noko anna enn ei fil i ein folder på ein harddisk. Å sitte foran ein skjerm har eg aldri vore spesielt begeistra for. Men det kjem eg sjølvsagt ikkje vekk frå, då det meste må digitaliserast på eine eller andre måten. Men eg har eit veldig bevisst forhold til dette, og tenker at det er viktig å finne arbeidsmetoder ein trivst med for at ting skal fungrer over lang til. Livstid, for eksempel. 

Jobbar du med fleire prosjekt parallelt, eller avsluttar du eit prosjekt før du byrjar på eit nytt?
Eg har nokre prosjekt som går over veldig lang tid, og så har eg mindre som ligg over. (som på ei tidslinje) Eg prøver å fokusere på eit om gongen når det gjeld dei mindre arbeida, men dei overlappar gjerne kvarandre litt likevel. I det siste har eg byrja arbeide meir verk-basert og mindre med heile prosjekt. Det trivest eg ganske godt med. 

Du har i perioder dreve med maling og, korleis er forskjellen mellom maleri og fotografi for deg? Og maler du framleis? 
For meg er det to svært ulike prosessar. Fotografi handlar mykje om valg, men maleri enda meir! Eg kan sakne dei improvisatoriske moglegheitane i maleri når eg arbeider med fotografi. Men det tar ikkje lang tid før eg lengtar etter fotografiet når eg malar. Det er noko med det å måtte ta stilling til kvart enkelt penselstrøk, det er eit nesten uutholdelig press. Men eg ser det som bra og billig terapi for min prestasjonsangst! Eller valg-angst.
Det var ein periode eg arbeidde med fotografi gjennom alle andre medium enn fotografi. Maleri, video, installasjon og scenekunst. Eg hadde, og har vel enda, eit problematisk forhold til fotografiet som form. Men så bestemte eg meg for å vende tilbake, og etter det har eg ikkje malt så mykje. Eg får av og til lyst, men nett no trur eg trykk står først i køen om eg skal røre meg utafor mørkerommet. 

Du har atelierplass, korleis er det å jobbe frå eit atelierfelleskap i forhold til frå heime?
For meg var det fantastisk å få atelier. Det vart så mykje enklare å skilje mellom arbeid og fritid, både i tid og i tankar. Då eg arbeidde heime fekk prokastineringa veldig stort spelerom, du veit det er alltid ein oppvask som kan tas eller ein papirhaug som kan sorterast. No går eg til atelieret, og når eg kjem heim har eg fritid med god samvit. Det hender sjølvsagt at eg arbeider heime, og som variasjon til atelieret kan det vere ganske deilig. Det har hatt mykje å sei for yrkeskjensla mi å ha ein arbeidsplass. Ikkje minst fordi eg møter kollegaer kvar dag. Å vere del av eit miljø er verdifullt for meg.
 


Du stiller ut ein del. Korleis er prosessen frå skissebok til ferdige foto på ein gallerivegg? Det varierer veldig frå prosjekt til prosjekt. Eg kan få ein ide, utarbeide eit konsept og produsere arbeidet, eller eg kan arbeide meir prosessbasert. Produsere materiale utan eit klart mål, bearbeide materialet, sjå kor det tar meg og teoretisere derifrå (dersom eg ønsker å teoretisere i det heile), og deretter fullføre arbeidet. No er det mest den siste metoden eg nyttar. Eg trivst med å gi intuisjon og improvisasjon så stort rom som mogleg, det er då arbeidet er mest spennande (og mest utfordrande).

2 kommentarer:

  1. Ååååå, bloggen din er så sykt bra for tiden!!!
    Fortsett sånn :)

    Og jeg elsker alle tegneseriestripene dine. Spesielt den med de tre venninnene og den pyntegjenstanden. Det var ikke før jeg så hesteplakaten i siste rute at jeg innså at de var unge, da lo jeg godt. Kjenner meg veldig igjen i dramatikken som utspant seg i de tidlige tenårene. Hoho!

    SvarSlett
    Svar
    1. Åh, tusen takk! Det var fine ord! Ja, den med venninnene og pyntegjenstanden er det nok mange som kan kjenne seg att i. teikninga er del av ei lengre historie som kjem i albumet mitt til våren:)

      Slett